Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Vestland

Kontaktinformasjon

FFO Vestland

Vibecke Magnus, fylkessekretær

vibecke.magnus@ffo.no

Mobil: 94487908

Katrine Karlsen, vikar konsulent

E-post: Katrine.Karlsen@ffo.no

Mobil: 98450404 (tirsdag og torsdag)

 

 

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
94487908

FN-dagen 3. desember på Torgallmenningen i Bergen

FFO Vestland arrangerte utendørs makering i Bergen på Torgallmenningen 3. desember. 

Fotograf: Kristoffer Solø. Bilde visar fylkesleiar Else-Berit Helle, som takkar Kai Grieg frå FN- Sambandet

 

Fotograf: Kristoffer Solø. Bilde av interessepolitisk leiar Arne Hovland

Appell: Markeringa av FN-dagen 3. desember for rettar for personar med nedsett funksjonsevne

Eg skal i dag snakke om Konvensjonen Rettar for personar med nedsett funksjonsevne eller CRPD som er den engelske forkortinga. For funksjonshemma er dette eit enormt viktig dokument som vart vedteke i FN i 2006: for 16 år sidan, og ratifisert av Norge i 2013.

For å gjere ting klart med ein gong: funksjonshemma er den største minoriteten her i landet. Ha det med i minnet vidare.

Vi ser i dag at funksjonshemma vert diskriminert i samfunnet. Nokre døme: Funksjonshemma born får ikkje den tilrettelegginga dei har rett til, arbeidstakarar slit med å stå i arbeidslivet og det er ikkje krav til tekst på alle medieplattformar

Det er dokumentert at funksjonshemma vert utsett for meir alvorlege og omfattande menneskerettsbrot.

Vi er ofte marginalisert og utegløymd i samfunnsplanlegging og helsepolitikk.

Vi ser at kommunar ønskjer å slå saman brukarutval for eldre og funksjonshemma til eitt utval. FFO er sterkt mot dette, då funksjonshemma er ei mengde menneske med svært mangfaldige utfordringar: i dag over 1 million her i landet.

  • CRPD er ikkje innlemma i norsk lov på linje med barnekonvensjonen, kvinnekonvensjonen og rasediskrimineringskonvensjonen, dette har ein del alvorlege konsekvensar:
  • CRPD har eit svakare menneskerettsleg vern enn andre grupper.
  • Er det konflikt mellom norsk lov og CRPD, går norsk rett framfor så lenge CRPD ikkje er inkorporert. Dette føl av oppbygginga av Norsk lov; på toppen tronar sjølvsagt Grunnlova, deretter føl Lov med forrang, slik menneskerettslova er. Så kjem formell lov. Blir CRPD sett inn i vanleg lov, så vil det ved eventuell konflikt mellom vern av funksjonshemma og andre formål i loven ikkje bli teke særleg omsyn til funksjonshemma. Blir den sett inn i menneskerettslova vil funksjonshemma sine rettar automatisk få forrang.

FN finn det sjokkerande at CRPD enno, etter 16 år, ikkje er inkorporert i norsk lovverk. Norge har eit svært godt omdømme mot diskriminering. Å halde så lite orden i eige hus er oppsiktsvekkande sett frå FN si side. Funksjonshemma blir sett på som «spesielle grupper» med «spesielt avgrensa rettigheiter». Her er det berre å rette blikket mot alle sakene der funksjonshemma vert flytt frå eigne bustader og inn i omsorgsbustader, eller også svært ofte inn på aldersheimar når dei er 20-30-40 år gamle.

Eg vil be dykk vurdere følgjande grunntanke:

«Det er ikkje sjølvsagt at personar med nedsett funksjonsevne blir funksjonshemma. Ei funksjonsnedsetjing treng ikkje resultere i avgrense deltaking i samfunnet. Funksjonshemming oppstår når det føreligg eit gap mellom individet sine føresetnader og omgjevnaden si utforming eller krav til funksjon.»

Årsaka til utanforskap og diskriminering ligger for ein stor del i korleis vi har innretta samfunnet vårt.

Etter vårt syn vert funksjonshemming skapt av manglande tilrettelegging.

Det  må seiast at det er fleire saker som talar for at vi er på veg eit steg framover:

  • Regjeringa har i sin plattform frå 2021 (Hurdalserklæringa) slege fast at CRPD skal inkorporerast i norsk lov.
  • Arbeiderpartiet seier i sitt program: Menneskerettslova-lova
  • Medan i Senterpartiets sitt program: norsk lov

Nett no er det ikkje gitt eintydige avklaringar.

Men: Saka er på høyring og det er nedsett eit ekspertutval. Vi må vere tydelege på kva tankar og meiningar vi har. Vi må ved alle høve påverke og få fram våre ønskje. Vi må halde politikarane ansvarleg for dei vedtaka som vert gjort.

Våre krav er:

1) Det må iverksettast og fremjast eit nødvendig skifte i forståing av omgrepet «funksjonshemming».  Funksjonshemma må anerkjennast som likestilte borgarar som har eitt fullverdig sett med rettar og plikter.

2) Vi må sikre den juridiske statusen til CRPD ved å inkorporere konvensjonen i den norske menneskerettslova.

3) Vi må: Avskaffe diskriminerande tvangslovgjeving.

-Vi må: Sikre retten til sjølv å bestemme.

-Vi må: Sikre retten til å motta naudsynt støtte til å kunne utøve den rettslege handleevna.

Dette skal omfatte retten til å velje; eller velgje bort, støttealternativ, basert på den enkelte sin rett til fritt og informert samtykke.

Interessepolitisk leiar FFO Vestland, Arne Hovland

Fotograf: Kristoffer Solø. Bilde av sosialbyråden i Bergen, Ruth Grung frå arbeiderpartiet

Takk til appellantane fra partia:

  • Helsebyråd Ruth Grung, AP 
  • Cecilie Høisæter, styremedlem MDG Bergen, Grønt Funkisnettverk - partiprogram MDG 
  • Heine Johansen, bystrerepresentant Venstre
  • Åsne Hagen, Rødt bystyregruppen i Bergen
  • Håkon Pettersen KRF, gruppeleder Bergen 
  • Kai Grieg, FN-Sambandet Vest 

Og ikkje minst, musikkinnslaga frå Anette Aga folkemusikar, som sjølve har muskelsjukdomen spinal muskelatrofi type 3. Takk for nydeleg urframføring av songen, "Eg har laga meg to vinge ".

TEKST:

Eg har laga meg to vinge

Eg har lånt meg ørnefjør

Dei kan ta meg øve fjella

Sjøl om du sei at eg inkje tør

 

Eg har bygga meg ein heimplass

Med mi svette og mitt blod 

Da er rom te frender mange 

Eg veit du sei at eg ikkje sku.

 

Månge dager har eg gjeve 

Så mi verd kan veksa fram 

Eg vil bygge skjølv i motvind

For du sei at eg inkje kan 

 

Ja du du sei at eg inkje kan 

Ja du sei at eg inkje kan 

 

Ja, du sei eg e ikkje verdig

Eg vil aldri strekke til 

Men min framtid 

E ikkje di å gje

Nei, min framtid den e min

 

Ja, mi framtid den e min!