
Når kommuneøkonomien strammar seg til – kven betaler prisen?
Når kommuneøkonomien strammar seg til – kven betaler prisen?
Kommunebudsjetta for 2026 blir utforma i desse dagar. Samstundes set regjering og storting dei overordna rammene som avgjer korleis kommuneøkonomien vil sjå ut neste år. For mange kan dette verke teknisk og fjernt, men for familiar som lever med store omsorgsoppgåver, handlar det om korleis kvardagen faktisk skal gå rundt.
Bak tal og budsjett finst verkelege menneske – foreldre, barn, ektefellar og pårørande – som kvar dag prøver å halde hjula i gang. For desse familiane handlar kommuneøkonomien ikkje om prosenttal og rammer, men om moglegheita til å leve eit liv med verdigheit, helse og naudsynt pusterom.
Vi i styret i FFO Vestland er uroa for utviklinga vi ser. Mange foreldre til barn med samansette behov skildrar eit system som krev meir enn dei har krefter til. Dei må søkje, klage og dokumentere – igjen og igjen – for å få tenester dei har rett på. Sakshandsaming kan ta månader eller år. Og når tenestene endeleg kjem på plass, endrar kommuneøkonomien seg, og kampen startar på nytt.
Når kommunane kuttar, er det familiane som står att med belastninga. Foreldre som allereie er pressa, misser helsa, fell ut av arbeidslivet eller blir sjukemelde fordi det ikkje lèt seg gjere å kombinere arbeid med omfattande, ubetalt omsorgsarbeid.
Eit særleg alvorleg punkt er situasjonen når barn fyller 18 år. Sjølv om omsorgsbehovet er det same – og ofte større – forsvinn foreldra sine rettar til pleiepengar og andre støtteordningar. Likevel opplever mange at kommunen forventar at dei skal halde fram som før, utan kompensasjon og utan avlasting.
Mangel på ressursar og personell blir ofte brukt som forklaring, men dette opphevar ikkje kommunen sitt lovpålagde ansvar. I praksis betyr det at pårørande blir sitjande att med omfattande oppgåver som tenesteapparatet eigentleg skulle ivareta.
Det same gjeld når foreldre våre blir eldre. Mange vaksne barn som står i full jobb opplever at kommunen forventar at dei skal ta på seg stadig fleire oppgåver. Ansvar blir flytta over på familiane, utan at det følgjer rettar eller støtte med.
Særleg uroande er det at pårørande sine ferieperiodar blir brukt som løysing på kommunen si ferieavvikling. Når kommunen tek ferie, blir det forventa at pårørande tek over. Dei som hadde trong for eit naudsynt avbrekk, får i staden meir ansvar, mindre kvile og dårleg samvit. Dette er ikkje ferie – det er arbeid utan løn, utan rettar og utan moglegheit til restitusjon.
Dette handlar ikkje berre om økonomi. Det handlar om livskvalitet, menneskerettar og eit samfunn som tek vare på dei mest sårbare. Når kommuneøkonomien strammar seg til, må vi stille spørsmålet: Er det verkeleg rett at dei som allereie ber dei tyngste børene, skal bere endå meir?
For mange familiar kjennest det som ein evig maraton. Ein må stadig søkje, klage og dokumentere for å få tenester ein har rett på. Prosessane tek tid og tærer på kreftene. Når alt endeleg er på plass, kjem eit nytt budsjettår – med nye innstrammingar og nye kampar.
Vi i styret i FFO Vestland meiner det er på høg tid at kommunar, regjering og stortingspolitikarar erkjenner realiteten: Dagens politikk skyv ansvar over på familiar som allereie står i ein uhaldbar situasjon.
Pårørande skal ikkje vere kommunen sin reserveplan. Dei skal ikkje dekke opp for manglande bemanning, budsjettkutt eller ferieavvikling. Dei skal ikkje bli sjukemelde fordi systemet rundt dei raknar. Og dei skal ikkje bruke år av livet sitt på å kjempe for tenester dei allereie har rett på.
Vi krev at:
- Kommunane følgjer lovverket og sluttar å skyve ansvar over på familiane.
- Stortinget styrkjer kommuneøkonomien, slik at det faktisk er mogleg å gje dei tenestene lova føreset.
- Pårørande blir sett, høyrde og respekterte – ikkje utnytta.
- Tenester blir innvilga raskare, og klagesaker får ikkje trekkje ut i månader eller år.
- Ferie og fritid for pårørande blir verna, og ikkje brukt som eit stillteiande vikariat for kommunen.
For familiane som står i dei tyngste omsorgsoppgåvene, finst det ingen pauseknapp. Dei kan ikkje vente på neste budsjettår. Dei kan ikkje leve i stadig frykt for kva som blir kutta neste gong.
Politikarane må forstå at dette ikkje er enkeltsaker. Dette er symptom på eit system i ferd med å kollapse – og det er barna, familiane og dei svakaste som fell først.
Vi aksepterer ikkje at det skal vere stadige omkampar om lovpålagde rettar. No forventar vi handling.
Tekst: Styret i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon Vestland (FFO Vestland)
Foto forside: Else-Berit Helle, styreleder FFO Vestland