Gå til hovedinnhold

FFO Vestland samla brukerrepresentantar: Ukom-rapporten «Hvem forstår meg?» på dagsorden

08.01.2026

FFO Vestland har nyleg gjennomført ei dialogsamling med brukerrepresentantar i spesialisthelsetenesta. Målet var å styrkje erfaringsutveksling, samordne innspel og løfte fram aktuelle pasienttryggleikstema på tvers av fagområde. Eitt av hovudpunkta i samlinga var Ukom-rapporten «Hvem forstår meg?» (2025) om pasientsikkerheit for personar med alvorleg utviklingshemming.

Kvifor tok vi opp rapporten?

Rapporten løftar fram ei pasientgruppe med omfattande bistandsbehov og låg synlegheit, og viser kor sårbar pasienttryggleiken kan bli når helsetenestene ikkje er godt nok tilpassa den enkelte. Ukom peikar særleg på tre hovudfunn:

  • manglande kompetanse og tilrettelegging i tenestene
  • sårbart samarbeid med pårørande
  • eit pressa «sikkerheitsnett» (klage- og tilsynssystem)

For FFO Vestland er dette viktig fordi rapporten treff eit grunnleggjande prinsipp: Likeverdige helsetenester krev at tenestene er forståelege, tilgjengelege og tilpassa pasienten – også når pasienten ikkje kan uttrykkje behov på vanleg måte.

Erfaringar frå dialogsamlinga

I samlinga delte brukerrepresentantane erfaringar frå møter med spesialisthelsetenesta og drøfta kva som skapar tryggleik i pasientforløp – og kva som gir risiko. Eit gjennomgåande tema var at pasientar med store og samansette behov ofte blir særleg utsette i overgangar:

  • når dei flyttast mellom avdelingar
  • ved overgang frå barne- til vaksentenester
  • når informasjon ikkje følgjer pasienten godt nok

Brukerrepresentantane peika òg på verdien av systematikk: Når kunnskap om pasienten er godt dokumentert og formidla, når pårørande blir involverte på ein planlagt måte, og når tenesta har kompetanse til å tolke «atypiske» symptom og uttrykk, blir pasienttryggleiken styrkt.

Kva meiner FFO Vestland bør følgjast opp i spesialisthelsetenesta?

Med utgangspunkt i rapporten og innspela frå brukarrepresentantane løftar FFO Vestland særleg fram desse områda:

1) Kompetanse om utviklingshemming i sykehus
Ukom peikar på behovet for særskilt kompetanse om utviklingshemming i sykehusavdelingar.
FFO Vestland meiner dette må omsetjast til konkrete tiltak i klinikkane: opplæring, støttefunksjonar og rutinar som gjer kompetansen tilgjengeleg der pasienten faktisk møter tenesta.

2) Pårørande som pasientsikkerheitsressurs
Rapporten viser at pårørande sit på unik og avgjerande kunnskap om pasienten, men at samarbeidet kan bli sårbart og personavhengig utan systematikk.
FFO Vestland meiner spesialisthelsetenesta må ha tydelege forventningar og rutinar for pårørandeinvolvering – og sikre at dette blir dokumentert og følgd opp i pasientforløpet.

3) Ledsagar ved innleggelse
Ukom har ei tydeleg anbefaling om ledsagar ved innleggelse i spesialisthelsetenesta.
FFO Vestland meiner praksis må vere føreseieleg, og at vurderinga av behov må ta omsyn til tryggleik, kommunikasjon og pasienten sine føresetnader – ikkje berre medisinske prosedyrar.

4) Trygge overgangar
Rapporten viser kor sårbare overgangar kan vere, mellom anna ved overgang til vaksentenester, der viktig kunnskap kan gå tapt dersom pasient og pårørande ikkje blir involverte.
FFO Vestland meiner dette krev planlegging og ansvarleggjering, slik at pasientforløpet ikkje «startar på nytt» kvar gong.

Vegen vidare

Dialogsamlinga stadfesta behovet for at brukerrepresentantar blir involverte tidleg og systematisk i utviklings- og forbedringsarbeid i spesialisthelsetenesta. FFO Vestland vil ta med seg innspela frå samlinga vidare i vårt arbeid, og bidra til at funn og anbefalingar i Ukom-rapporten blir følgt opp med konkrete tiltak.

Målet er klart: pasientar med alvorleg utviklingshemming skal møte ei helseteneste som forstår, tilpassar og sikrar trygg behandling – kvar gong.

Forsidebilde: Ukom.no