Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Hordaland

Kontaktinformasjon

FFO Hordaland

Vestre Strømkaien 7-9, 3.etasje

5008 BERGEN

Org.nr.: 971349050 

Åpningstid: man-fredag kl. 08.30-16.00

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
55 59 68 00/ 55 59 68 02 / 94 48 79 08

Tilskudd til musikkprosjekt for døve

Hordaland fylkeskommune gir penger til et nytt prosjekt for døve for musikk, konsert og performance.

Satsar 850.000 kr på musikk for døve

Kultur- og ressursutvalet i Hordaland satsar 850.000 kroner på musikk før døve gjennom kulturelt utviklingsprogram (KUP). Pengane går til prosjektet WITHIN i regi av Bergen Assembly i september 2016. Dette blir det største musikk-, konsert og performanceprosjektet for døve i verda.

Musikk som døve kan høyre og føle blir eit event-, konsert og perfor-manceprogram over seks veker under Bergen Assembly i september neste år. Nordahl Gri-eg videregående skole er ein av over 20 samarbeidspartnarar. (Her frå ein konsert med ele-var ved skulen). Musikk som døve kan høyre og føle blir eit event-, konsert og performanceprogram over seks veker under Bergen Assembly i september neste år. Nordahl Grieg videregående skole er ein av over 20 samarbeidspartnarar. (Her frå ein konsert med elevar ved skulen). (foto. Bjarte Brask Eriksen)

Nybrottsarbeid – Kultur- og ressursutvalet syntest dette er eit prosjekt som er verdt å støtte. Dette er nybrottsarbeid for døve og får regional og nasjonal betydning. Universell utforming er viktig. Alle skal bli inkludert, seier Anne-Beth Njærheim, leiar av kultur- og ressursutvalet i Hordaland.

Skal høyre og føle lyd Bergen Assembly er ein triennale, ein arena for samtidskunst som blir skipa til kvart tredje år. Til arrangementet neste år skal det byggast mange nye instrument for døve og hørselshemma, instrument som verda tidlegare ikkje har sett. Instrumenta blir bygt ut frå teoriar til amerikanske universitet for døve. Det skal resultere i instrument, lydmaskinar og installasjonar som skal gjere at døve skal kunne høre og føle lyd.

Lanserast i Europa Prosjektet skal utviklast parallelt i Hordaland, USA og Tyskland og lanserast i Europa under Bergen Assembly 2016 gjennom eit event-, konsert og performanceprogram over seks veker. Dette skjer i samarbeid med over 20 institusjonar, mellom anna Nordahl Grieg videregående skole, som er knutepunktskule for hørselshemma i Hordaland. Resultatet skal leve vidare etterpå til glede for døve og høyrande i Hordaland og resten av verda.

Verkemiddel Totalt har kultur- og ressursutvalet løyvt 6,2 millionar kroner til kulturelt utviklingsprogram for 2015. KUP er verkemiddelet Hordaland fylkeskommune har til større satsingar i kulturlivet i fylket til nyskapande og målretta prosjekt initiert av kulturlivet sjølv.

Mange gode søknader Det er stor fagleg og kunstnarleg breidde i prosjekta som får pengar. Dei fleste sjangrar og felt innan kulturlivet er representert, både det frivillige og profesjonelle.

Slik blir dei 6,2 millionar kronene fordelt:

Amatørkulturrådet i Bergen: Regionale Amatørkulturråd i Hordaland: 150 000 kr

Austrheim kommune: Nyskapande formidling av fiskarbonden:  75 000 kr

Bergen Assembly: WITHIN: 850 000 kr

Bergen Kunsthall: Fylkesorientert nettverksbasert residency-prosjekt: 195 000 kr

B-open: Nye nettverks- og formidlingstiltak for B-open: 400 000 kr

Brak: Bergen Song:Expo:  210 000 kr

Bømlo teater: I slik ei natt: 300 000 kr

Hordaland musikkråd:  Grunnkurs akustikk: 115 000 kr

Kunstgarasjen: Utviklingsår for etablering av Kunstgarasjen: 375 000 kr

Kunsthuset Wrap  ved Stiftelsen History Disposal Unit:  AV Lab: 375 000 kr

Museumssenteret i Hordaland: Tekstilkultur III: 180 000 kr

Norsk Publikumsutvikling: Publikumsatlas Bergen og Hordaland: 200 000 kr

NORZEN v/Ian Ward Garlant: Fokuskurset: 90 000 kr

Oseana Kunst og Kultursenter: Formidlingsmodell: 525 000 kr

Proscen - produsentenhet for  scenekunst: Mobil Rådgivning: 280 000 kr

Radøy kommune: Digital formidling av steinalderhistoria i Fosnstraumen: 150 000 kr

Stiftelsen Ole Bull Akademiet: Folkedans i Hordaland: 425 000 kr

Stord kommune: Leirvik fyrstasjon: 155 000 kr

Sunnhordland museum: Spor etter kraftproduksjon i landskapet: 300 000 kr

Vestnorsk kulturakademi/Bygningsvernsenteret Voss/Hardanger: Utviklingsmidler til bygningsvernsenteret Voss/Hardanger: 850 000 kr

Sakset fra nettsidene til Hordaland fylkeskommune: http://www.hordaland.no/Aktuelt/Nyhende/Satsar-850000-kr-pa-musikk-for-dove/