Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Hordaland

Kontaktinformasjon

FFO Hordaland

Vestre Strømkaien 7-9, 3.etasje

5008 BERGEN

Org.nr.: 971349050 

Åpningstid: man-fredag kl. 08.30-16.00

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
55 59 68 00/ 55 59 68 02 / 94 48 79 08

Mental Helse drar andre ut på tur

At fysisk aktivitet hjelper på psyken er kjent, men mange slit likevel med å komma seg over dørstokken. Dette vil Mental helse Meland gjera noko med.

Nyleg inviterte Mental Helse Meland difor til ein inspirasjonskveld, der Camilla Johnsen som er fysioterapeut og jobbar med psykiatri i kommunen, fortalte om verdien av å vera aktiv i forhold til psykisk helse.

Det er nemleg kjent at fysisk aktivitet kan gjera store endringar i livet til folk som slit med si mentale helse. Mange treng som folk flest likevel eit spark i baken for å ta grep.

Samarbeid

- Tanken er å jobba med dette i samarbeid med kommunen og frivilligsentralen, seier leiar i Mental helse Meland, Gunn Krokeide.

Ho fortel at Mental helse ikkje har noko turtilbod, men at dei saman med kommunen vil inspirera kva einskild medlem til å vera meir aktive i kvardagen.

Fekk Extra-midlar

Ho fortel at foreininga nyleg fekk 20.000 kroner frå Extra-stiftelsen. Desse pengane vil dei bruka til å gje medlemene eit endå betre tilbod enn dei har i dag slik at dei får vera meir samen utan at det kostar noko.

- Under inspirasjonskvelden serverte me til dømes gratis asiatisk kyllingsuppe til alle dei 25 som kom. Elles kan me for eksempel ta oss ein tur til byn på kino eller gå ut og eta, seier ho.

Ei foreining for alle

Gunn Krokeide synest dei er ein veldig fin gjeng i Mental helse Meland og fortel at ein slett ikkje treng å vera psykisk sjuk for å vera med.

- Foreininga er for alle som ønskjer å jobba for meir openheit kring psykiske lidingar og betring av tilbodet til psykisk sjuke.

 

Sakset fra Strilen: http://www.strilen.no/nyheiter/Vil-inspirera-folk-uver-dorstokken-302749.html