Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Hordaland

Kontaktinformasjon

FFO Hordaland

Vestre Strømkaien 7-9, 3.etasje

5008 BERGEN

Org.nr.: 971349050 

Åpningstid: man-fredag kl. 08.30-16.00

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
55 59 68 00/ 55 59 68 02 / 94 48 79 08

Konferanse: Likeverd i Vest

Likeverd i Vest er ein konferanse i HelseBergen, på Bikuben konferansesenter på Haukeland sjukehus 1.september. Hovudmålsettinga med konferansen er å sette likeverdige helsetenester på dagsorden. Likeverdige helsetenester vil seie at alle har tilgang til tenester av like god kvalitet, som er tilpassa det einskilde menneske sitt behov.

                                        

Vi har sett av ein dag til å diskutere kva likeverd handlar om, korleis vi har tenkt å jobbe med dette i Helse Bergen, og vi ønskjer å få innspel frå andre på dette tema. Vi ønskjer òg å få i gang samhandling på tvers av ulike avdelingar og institusjonar. Programmet for dagen tar for seg Likeverdige tenester i eit breitt perspektiv, men vi kjem òg til å snakke om kulturforskjellar og migrasjon inn i vår helse-kvardag.

 

Velkommen

Alle i Helse Vest og Helse Bergen er hjarteleg velkomne til denne konferansen, som er gratis og open for alle. Vi vil òg invitere helsepersonell og fastlegar frå samarbeidskommunar, samt interesserte frå barnevern, fylkesmannen og andre aktuelle instansar.

 

Program

09:00 – 09:15

Åpning og velkomst med kulturelt innslag

​09:15 – 09:45

Likeverd og prioritering v/Stener Kvinnsland

​10:00 – 10:45 Likeverdige helsetenester, kva og kvifor? v/Mariette Lobo, Likestillings- og diskrimineringsombudet
​10:45 – 11.30 Samarbeid og samhandling v/Sølve Sætre, Bergen kommune
​11.30 – 12:15 ​Lunsj og kulturelt innslag
​12:15 – 13:00 Kor langt er vi komne? Eit kulturelt møte med den andre v/ Chiku Ali, RVTS-Vest
​13:00 – 13:45 ​Erfaringar frå Transkulturelt senter v/SUS, psyk. Jone Schanche Olsen
​13:45 – 14:00 ​Kvalitet i tolketenesta v/Panita Laksuktom, rådgiver Helse Bergen
​14:00 – 14:15 ​Kort pause
​14:15 – 15:15

​Paneldebatt, Forventingar til Helse Bergen

  • Allan Mukaya, Det Felles Innvandrerråd i Hordaland (DFIRH)
  • Helsehjelp til papirløse, Bergen.
  • Esperanza Diaz, Fastlege i Bergen kommune,
  • Nasjonal kompetanseenhet for minoritetshelse (NAKMI).
​15:15 ​ Avslutning/oppsummering

 

Bakgrunn

Etikk- og kommunikasjonsprogrammet starta opp våren 2015.  Det overordna målet til dette programmet seier at pasientar og pårørande alltid skal bli møtt med respekt, tryggleik og kvalitet. Dei same verdiane skal prege samhandlinga mellom tilsette i sjukehuset.  Likeverdige helsetenester er ei av fem innsatsområder til  Etikk- og kommunikasjonsprogrammet, og arbeidet er allereie godt i gang. 

Påmelding via Læringsportalen NB: Se i margen til høgre for eiga påmelding for dei som ikkje jobbar i helsevesen!

Påmeldingsfrist: 27.08.15

 

Når: 01.09.2015 kl. 09.00-15.30 

Hvor: Bikuben kurs- og konferansesenter, Haukeland sjukehus

Saksa frå nettsidene til HelseBergen:   http://www.helse-bergen.no/no/Hendelser/Sider/Likeverd-i-Vest.aspx

Artikkel om transkulturelt senter i Stavanger:  http://www.nrk.no/rogaland/nytt-senter-skal-hjelpe-traumatiserte-flyktninger-1.12088636