Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Hordaland

Kontaktinformasjon

FFO Hordaland

Vestre Strømkaien 7-9, 3.etasje

5008 BERGEN

Org.nr.: 971349050 

Åpningstid: man-fredag kl. 08.30-16.00

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
55 59 68 00/ 55 59 68 02 / 94 48 79 08

Hordaland får mobbeombud

Som fjerde fylkeskommune i landet får nå Hordaland eget mobbeombud for elever i videregående skole og lærlinger. Sosialantropolog Mari-Kristine Morberg er ansatt i prosjektstillingen hos fylkeskommunen. Vi må snu alle steiner for å stoppe mobbing, sier fylkesordfører Tom-Christer Nilsen.

 

– Eg har sjølv opplevd mobbing. Vi må snu alle steinar for å stoppe det, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen etter at Hordaland har fått sitt første mobbeombod i ei prosjektstilling.

– Mobbeombodet blir ein fyrlykt, eit varslingssenter, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen. – Tydeleg leiing og gode, modige lærarar er det viktigaste for å førebyggje mobbing, seier det første mobbeombodet i Horda-land, Mari-Kristine Morberg. – Mobbeombodet blir ein fyrlykt, eit varslingssenter, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen. – Tydeleg leiing og gode, modige lærarar er det viktigaste for å førebyggje mobbing, seier det første mobbeombodet i Hordaland, Mari-Kristine Morberg. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Mari-Kristine Morberg har nett starta i stillinga som mobbeombod for elevar i den vidaregåande skulen og lærlingar i Hordaland.

Viktig jobb Fylkesordføraren seier mobbeombodet har ein viktig jobb.
– Mobbeombodet blir ein fyrlykt, eit varslingssenter, men dette skal ikkje bli ei sovepute. Tiltak mot mobbing skal skje på den enkelte stad, nær elevar og lærlingar. Det viktige arbeidet mot mobbing skal føregå på skulen. Men dei som føler det er vanskeleg å ta opp mobbing med tilsette på skulen eller andre vaksne, kan gå til mobbeombodet, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Låg terskel Mobbeombod Mari-Kristine Morberg seier jobben hennar blir todelt.
– Eg er eit lågterskel tilbod til elevar og lærlingar. Dei kan ta kontakt med meg og spørje om råd. Eg har teieplikt og vil ikkje ta opp sakar vidare utan deira samtykke. Eg ønskjer og å vitje dei vidaregåande skulane i fylket og vere i direkte kontakt med både skulane og elevråda. Eg skal støtte dei i det førebyggjande arbeidet mot mobbing. Eg ønskjer og å jobbe tett med Elevorganisasjonen.

Godt psykososialt læringsmiljø Opplæringslova gjev ungdommane rett på eit godt psykososialt læringsmiljø. – Det er kjempeviktig at barn og unge har eit godt læringsmiljø. Vi kan redusere mobbing, men det krev mykje arbeid.   Mari-Kristine Morberg har mastergrad i sosialantropologi, har erfaring frå barne- og ungdomsorganisasjonar og arbeidslivserfaring frå Humanistisk Ungdom og Lånekassen.

Systematisk arbeid – Tydeleg leiing og gode, modige lærarar er det viktigaste for å førebyggje mobbing. Det krev systematisk arbeid over lengre tid for å sjå resultat. Det må jobbast med heile tida, seier mobbeombod Mari-Kristine Morberg.

Ho er tilsett i Hordaland fylkeskommune og er det fjerde mobbeombodet i landet. Først ut var Buskerud, Nordland og Østfold.