Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Hordaland

Kontaktinformasjon

FFO Hordaland

Vestre Strømkaien 7-9, 3.etasje

5008 BERGEN

Org.nr.: 971349050 

Åpningstid: man-fredag kl. 08.30-16.00

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
55 59 68 00/ 55 59 68 02 / 94 48 79 08

Bedre utredning for barn

Barn som har uklare eller komplekse tilstander får ofte lang vei til diagnose. Nå skal Haukeland sjukehus gjøre diagnosefasen smidigere. Et nytt prosjekt skal spesialistene komme til barnet og ikke omvendt.

Fargerike leker som står i vinduskarmen. Foto.Barna blir som regel diagnostiserte og følgde opp på tvers av Barneklinikken og Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU). Oppfølginga er gjerne langvarig og skjer saman med kommunehelsetenesta.

– Det er mange hjelparar rundt barn. Her på PBU får vi tilvist barn med for eksempel autisme eller ulike nevropsykologiske tilstandar. Mange av desse har også behov for utgreiing og oppfølging på Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU, del av Barneklinikken) og kan i tillegg ha andre kroppslege lidingar som for eksempel problem med mage/tarm eller epilepsi. På den same måten, får Barneklinikken tilvist barn som også bør utgreiast hos oss ved PBU. Vi ønskjer å gjere det lettare for barn og foreldre ved at vi samhandlar på ein god måte internt mellom dei to klinikkane, fortel Veslemøy Sandvik, seksjonsleiar ved Spesialpoliklinikken, som er del av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge.

Vil utvikle gode tilbod til barna

Ei prosjektgruppe er etablert med representantar frå Barneklinikken og Klinikk psykisk helsevern for barn og unge. Inititativtakar og prosjektleiar er seksjonsoverlege Irene Elgen.

Gruppa skal greie ut kva som skal til for å utvikle gode tilbod til barn med uklare tilstandar eller samansette, komplekse tilstandar:

  • Kva intern samhandling kan sikre at spesialistane kjem til barnet?
  • Korleis kan alt organiserast saumlaust for barnet og familien?
  • Korleis kan dei møte kvar enkelt med sine individuelle utfordringar?

– Vi er i gang med å skaffe oss erfaring på  korleis vi kan samarbeide tettare med Habiliteringstenesta for barn og unge allereie i utgreiingsfasen. Vi ønskjer at barn skal sleppe å bli tilviste til nye ventelister på den andre klinikken. No prøver vi ut eit samarbeid der vi gjerne kontaktar HABU på eit tidlegare tidspunkt, og involverer dei i utgreiinga frå starten, seier Elgen.

Viktig med samkøyring av journal

Ho legg til at prosjektet har ulike utfordringar og arbeider vidare med desse i 2015. Ei​ av desse er samkøyring av og innsyn i pasientjournalen på tvers av klinikkane.

Éi dør inn

I det nye barne- og ungdomssjukehuset ved Haukeland universitetssjukehus skal spesialistane kome til barnet og ikkje omvendt. Då blir det også fysisk mykje enklare å samarbeide tettare, fordi dei to seksjonane skal liggje rett ved sida av kvarandre i det nye Barne- og ungdomssjukehuset, som skal stå klart i 2016.

Faktaboksmodul

Forløp

Prosjektgruppa planlegg pilotering av endra forløp for ei enkelt pasientgruppe i løpet av 2015.

Finansiering

Helse Vest innovasjonsmidlar

Kontakt

Irene B. Elgen, seksjonsoverlege / professor II Klinikk psykisk helsevern barn og unge

Sakset fra nettsidene til HelseVest: http://www.helse-vest.no/no/nyheter/Sider/vekas-innovasjon-klinikk-på-tvers.aspx