Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Hordaland

Kontaktinformasjon

FFO Hordaland

Vestre Strømkaien 7-9, 3.etasje

5008 BERGEN

Org.nr.: 971349050 

Åpningstid: man-fredag kl. 08.30-16.00

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
55 59 68 00/ 55 59 68 02 / 94 48 79 08

Avviklet årsmøte - nytt styre

Den 11.mars blei det avviklet årsmøte i FFO Hordaland. 30 personer var til stede. Det ble litt utskifting av styremedlemmer - Irene Skaar og Irene Murberg, begge fra Dysleksiforeningen, gikk ut av styret. Nytt styremedlem er Terje Olav Olsen fra Mental Helse Hordaland (lokallaget på Lindås).

Her følger avslutningstalen fra gjenvalgt leder i FFO Hordaland, Malvin Ågotnes:  

Kjære årsmøte!

Vi har no vedteke kjøreplanen for 2015 ved status-rapporteringa og handsaminga av Handlingsplanen 2014 – 2016 og budsjettet for 2015.

FFO Hordaland står framfor spennande men krevjande utfordringar i året som kjem. Eg vil spesielt nemna tre av desse utfordringane:

  • Opplæring og utnemning av nye brukar-representantar.
  • Utnemning av representantar i råd og utval der våre medlemmer sine interesser og behov skal ivaretakast.
  • Starta innføringa av ein ny struktur for kommune-FFO.

Arbeidet som brukarrepresentant har faktisk fått ein ny dimensjon ved innføringa av samhandlingsreforma. Pasienten har fått ein ny arena der vi som organisasjon bør forsterka arbeidet med å ivareta pasienten sine rettigheiter. Opphald i kommunale ”sjukehus” etter operasjon er ein fagleg og bemanningsmessing utfordring for kommunane og pasientane. Her er det ein ny arena der det er behov for brukarmedverknad.  Dette vil verta ei ny utfordring for kommune-FFO’ane våre som FFO-Hordaland må ta tak i og påta seg å vera pådrivar/mentor for.

Den varsla kommunereforma vil også medføra nye utfordringar for kommune-FFO. FFO Hordaland vil no starta med å gjera seg kjent med status i eksisterande kommune-FFO’ar. Vi startar med å besøkja FFO-Ullensvang/Odda 23. mars.

For oss i styret er det viktig å følgja utviklinga i den politiske handsaminga av den nye kommunereforma, fordi dei forhandlingane som no føregår mellom kommunane, byrja å syna oss konturane av nye storkommunar. Når det endelege resultatet føreligg, må FFO-Hordaland vera ein pådrivar for at dei kommunale råda for menneskje med nedsett funksjonsevne vert oppretta i alle kommunar med kompetente representantar som har fått nødvendig opplæring. Vi ser også for oss at vi må utvida opplæringa av brukarrepresentantar til å omfatta kommune-FFO og dei ”lokale sjukehusa”.

Dette er ei kjempeutfordring for styret i FFO-Hordaland. Men dette er ikkje berre ei utfordring for styret – det er ei utfordring for eigarane dvs. organisasjonane. Det er eigarane som i årsmøte vedtek Handlingsplanen som er styret sitt oppdragsdokument. Då er det også eigarane sitt ansvar å syta for at styret får best mogeleg tilgang på menneskelege ressursar i form av fleire og dyktige styremedlemmer.

Styret i FFO-Hordaland har i dag ein minimums-samansetning på 5 styremedlemmer. 3 av desse utgjer AU. Det er 1 varamedlem. I eit stort fylke med så mange organisasjonar som står bak FFO-Hordaland, burde vi hatt eit maksimumsstyre. Sjølv om vi er det fylkes-FFO som i dag har mest bemanning i administrasjonen, har vi behov for fleire dyktige tillitsvalde som har god FFO-innsikt og som kan vera med og påta seg ansvar for gjennomføringa av oppdragsdokumentet (Handlingsplanen).

Å utføra godt leiarskap gjeld styret. Det å utføra godt eigarskap gjeld organisasjonane. Til neste årsmøte treng valkomiteen mange fleire innspel og forslag til styremedlemmer enn det den fekk i år. Det fell eit særleg ansvar på dei store organisasjonane, men denne oppfordringa gjeld også dei mindre – ganske enkelt fordi vi har bruk for og behov for FFO-mangfaldet. Det same gjeld når det skal opplærast og utnemnast brukar-representantar. Som tidlegare leiar i ein av våre organisasjonar på landsbasis, er eg fullstendig klar over at organisasjonane arbeider på to plan; det interne organisasjonsplanet og FFO-planet. Dette er både utfordrande og krevjande, men det er denne måten å arbeida på som har gjeve oss rettigheiter som brukarmedverknad, og den nye antidiskrimineringslova. Difor er det viktig og difor er det nødvendig.

Politiske vedtak som påverkar våre medlemmer sin livssituasjon og livskvalitet vert stadig sett ut i livet. Samfunnet utviklar seg fortare og fortare. Det er vårt ansvar som styre, som eigarar og som enkelt-organisasjonar å følgja med i denne utviklinga og sørgja for at dei politiske vedtaka ikkje er til ulempe for våre medlemmer.

Tek vi ansvaret? Tek vi utfordringa?

Takk for eit godt og konstruktivt årsmøte. På vegne av meg sjølv og det nyvalde styret: Takk for tilliten!

Lukke til med utfordringane i 2015!