Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

FFO Hordaland

Kontaktinformasjon

FFO Hordaland

Vestre Strømkaien 7-9, 3.etasje

5008 BERGEN

Org.nr.: 971349050 

Åpningstid: man-fredag kl. 08.30-16.00

Postadresse:

Vestre Strømkaien 7, 5008 BERGEN

Telefon:
55 59 68 00/ 55 59 68 02 / 94 48 79 08

Å lytte er å høyre også det som ikkje blir sagt

Trond-Viggo Torgersen og Edvin Schei underviser legar og studentar i god kommunikasjon. Det er legane som blir underviste, men det er pasientane som står i sentrum.

Trond-Viggo Torgersen, Edvin Schei

– Eg har jobba som lege, altså, det er sikkert nokon som lurer på det, seier Trond-Viggo Torgersen med eit smil. Dr. Torgersen er vel for dei fleste meir kjend som tidlegare barneombod, og frå TV, stand-up og diverse anna som er nokså langt unna legeyrket. Det er kanskje derfor han synest det er på sin plass å gjere greie for karrieren sin innanfor helsevesenet, med fleire års praksis.

– No kallar dei meg journalist i NRK, men det er jo lege eg er, same kva eg gjer.

– Ja, for det å vere lege er like mykje ein identitet som eit yrke, skyt Edvin Schei inn.

Schei er professor ved Universitetet i Bergen, fastlege og forfattar av fleire bøker, blant anna «Lytt. Legerolle og kommunikasjon.» Boka er utgangspunktet for undervisningsopplegget han samarbeider med Trond-Viggo om, og er den filosofiske basen når dei foreles for studentar, allmennlegar og sjukehuslegar. Dei to har mellom anna undervist legar ved Haukeland universitetssjukehus og Førde sentralsjukehus. Målet med undervisningsopplegget er at legane skal bli flinkare gjennom å forstå og avdekkje problema og sjukdommane til pasientane på ein meir heilskapleg måte.

 

Vi vil at legane skal bli betre til å sjå mennesket, sjå kva som ligg bak førsteinntrykket. Ting er som regel meir samansette enn det vi trur.
Trond-Viggo Torgersen

Korleis legg de opp desse forelesingane? Torgersen: – For det første liker vi ikkje å kalle det forelesing, det er ikkje slik vi tenkjer på det. Målet vårt er å involvere alle som er til stades, i prosessen – å få hundre hjernar i auditoriet til å fungere som éin.

Schei supplerer: – Vi vil skape ein arena der det er mogleg å øve på rolla som lege, den delen av jobben som ikkje handlar om den tekniske kunnskapen som sjølvsagt må liggje til grunn. Det er ikkje slik at vi blir gode legar utan god gammaldags kunnskap, men nysgjerrigheit og evna til å vere det vi kallar ein god «sjukdomsdetektiv» er det mogleg å øve på. Heilt konkret så deler vi studentane opp i små grupper og sender dei heim til pasientar som har sagt seg villige til å bidra. Det er pasientar med alvorlege sjukdommar som stiller opp, og oppdraget til dei ferske studentane er at dei skal lære noko om det å vere sjuk. Ofte blir studentane overraska over at det er eit hyggjeleg og ufarleg møte, som ikkje sjeldan varer lenger enn den halvannan timen som er avtalt.

Er det bestemt på førehand kva studentane og pasienten skal snakke om?

Schei: – Det skal vere ein samtale som avdekkjer eit større bilete. Nokre grunnleggjande tema går igjen, utover dei reint medisinske spørsmåla. Tankar rundt familie, framtid og livssituasjon dukkar opp. Erfaringar med legar og andre hjelparar blir gjerne tema. Neste steg er å la studentane møte den same pasienten i auditoriet. Då skal dei ha ein samtale der historia til dette mennesket blir delt med alle som er til stades. Studentane må leite etter det som er viktig å forstå, og tenkje over dilemmaa som dukkar opp. Det å finne balansen i ein slik samtale er vanskeleg. Som lege skal du vere medlidande, utan å bli oppslukt av smerta til pasienten. Pasienten må føle seg trygg og ha tillit til deg, og du må vekte dei viktige kjenslene opp mot det rasjonelle og objektive.

​– Pasientane er viktige kjelder til informasjon. Dei har meir kunnskap om kropp og sjukdom enn tidlegare. Det er nokre gonger bra, og kan vere til nytte for legane dersom dei kan ta imot det pasienten bidreg med, utan å bli fornærma.

Edvin Schei

– Det er heller ikkje slik at vi skal analysere pasientane i fillebitar kvar gong. Nokre gonger er problemet openbert: Har du skore deg i fingeren og treng eit par sting, så skal du få det utan å måtte fortelje korleis du eigentleg har det. Det er òg ein del av det å vere lege. Noko handlar òg om å minne studentane på heilt enkle ting, som å handhelse og møte blikket. Det er alltid ein god start på eit møte mellom to menneske. Eg er oppteken av sånne ting, og er ein slik som ber folk ta ned beina frå setet på trikken. Kall det gjerne gammaldags, men det handlar om respekt for andre, seier Trond-Viggo Torgersen, og er litt uroleg for om det plasserer han i kategorien gretten gammal gubbe.

Kva er det viktigaste de kan førebu legestudentane på?

Schei: – Det viktigaste med undervisninga vår er å få unge legar til å forstå at det er heilt greitt å ikkje ha alle svara. Vi må tole at det alltid er meir å lære, det er jo òg noko av det som gjer yrket spennande  gjennom eit heilt liv. Gode og effektive samtaleferdigheiter tek det år å øve opp, det er som å lære eit nytt språk. Men bruker du dei rette teknikkane, kan du komme langt sjølv med lite erfaring.

Torgersen: – Det Edvin seier der, er heilt essensielt. Det handlar om kor sårbare studentane og dei unge legane er i møte medpasientar og andre kollegaer. Dersom dei får god undervisning i starten, blir det ein dobbel effekt: Vi blir betre legar, og pasientane får den hjelpa dei treng. Opplegget vårt fungerer bra for legar med lang erfaring òg; det er viktig at vi som profesjonelle utøvarar heile tida ser etter forbetringspotensial.

​Trond-Viggo og Edvin meiner at mange legar har noko å lære om god kommunikasjon. Mange trur det tek lengre tid å snakke med pasientane på denne måten, men faktisk er det heilt motsett. Det tek oftast kortare tid, og resultatet blir betre.

 

 

Kva for gode råd kan de gi for at vi som pasientar òg kan bidra til betre kommunikasjon?

Torgersen: – Eg har eit lite hjartesukk. Pasientane må slutte å «levere seg inn til service», som om dei var ein bil. Legen er avhengig av at pasienten seier kva han er uroleg for. Det er mange som er redde for å verke dumme, men for oss er det viktig å få heile historia og trekkje ut det som er viktig informasjon. Generelt trur eg at legane er litt mindre nærmare Gud enn dei var tidlegare, og at det er ein god ting at pasientane i større grad blir involverte. Nokre legeoppgåver er jo ganske enkle reknestykke. Som at faktorane A + B + C er lik høgt blodtrykk.

Schei: – Det er viktig å forstå kva eit medisinsk funn betyr for akkurat denne pasienten. Dersom faren din døydde av slag, så treng du kanskje noko meir enn den reint tekniske definisjonen. Då blir det store biletet viktig. Strukturen i samtalen er vårt ansvar, og det har vi eit fagleg ansvar for å lære oss. Men det hjelper oss at pasientane tør å komme med tankane og teoriane sine, slik at vi kan setje dei i samanheng.

Det blir ikkje vanskelegare å vere pasient?

Schei: – Nei, dersom legen er oppriktig interessert, tør folk som regel å seie ting som dei kan vere flaue eller skamfulle over. Å komme seg over slike barrierar vil gi pasienten mykje tilbake. Både legerolla og pasientrolla endrar seg, og som legar må vi heile tida stille oss spørsmålet: Korleis kan vi bli betre saman? Vi kan nesten gå så langt som å seie at legen og pasienten skal bli eit godt team, og då veit vi jo at det er viktig med tydelege roller.

«Lytt. Legerolle og kommunikasjon» er jo ei fagbok. Trur de at det vil vere nyttig for pasientane å lese henne?

– Absolutt, og sidan det er eg som seier dette, så treng ikkje Edvin skryte av seg sjølv. Dette er ikkje noko vi treng å halde hemmeleg. Boka er skriven med eit lite akademisk språk og er både interessant og lærerik for alle, ikkje berre for oss legar, avsluttar Trond-Viggo Torgersen.

Råd til pasientane fråTrond-Viggo og Edvin

  • ​Still førebudd dersom du kan. Snakk med nokon som kjenner deg, og tenk igjennom kva det er viktig å få ut av legebesøket. Jo meir spent og redd du er før legebesøket, dess større fare er det for at du gløymer viktige spørsmål når du er der.
  • Tenk på kva du aller helst vil at legen skal forstå og gjere. Dersom du har mange ting du vil ta opp, er det lurt å skrive ei hugseliste og la legen få sjå henne. Og dersom det ikkje er tid til alt, kva synest du sjølv kan vente?
  • Gjer deg opp ei meining om problema. Gi legen dine forklaringar på symptoma, plagene, sjukdommen. Er du stort sett einig med legen, eller tenkjer du at det er viktige ting legen ikkje har forstått? Spør dersom det er noko du lurer på eller ikkje forstår.
  • Ver tydeleg på kva du er uroa over. Å rydde i eigne urotankar kan vere svært nyttig, for ofte uroar vi oss «automatisk» utan eigentleg å tenkje over det.
  • Dersom du er bevisst på kva slags tankar som plagar deg mest, vil du òg kunne vurdere om det er viktig for deg å dele dei med legen. Legen kan ikkje vite at du har desse tankane dersom de ikkje snakkar om det.
  • Det kan vere til hjelp at ein snakkar om det ein skal snakke om. For eksempel kan du ganske tidleg seie: «Dokter, eg har nokre ting eg gjerne vil ta opp med deg i dag, litt utanom det vanlege. Har vi tid til det?» Legen må få lov til å behalde rolla som styrmann i konsultasjonen. Du skal berre påverke kursen. Jo tidlegare legen får vite at du har noko på hjartet, dess enklare blir det å planleggje tida slik at det blir plass til alt.

 Artikkelen er saksa frå nettsidene til HelseVest, sjå her: http://www.helse-vest.no/no/nyheter/Sider/igoddialog.aspx

 Tekst: John Rørdam Foto: Einar Aslaksen/ Pudder Agency