Gå til hovedinnhold på siden Gå til hovedmeny

Forside / Aktuelt

Dette sier partiene: Kystpartiet, Wenche I. Sola

Kystpartiet meinar at det er viktig å ha ein inkluderande skule som også tek omsyn til, og som legg til rette for undervisning for elevar med funksjons- hemming og kroniske sjukdomar. 

Kystpartiet meinar at det er viktig å ha ein inkluderande skule som også tek omsyn til, og som legg til rette for undervisning for elevar med funksjons- hemming og kroniske sjukdomar. 

Det er viktig at elevar med funksjonshemming og kroniske sjukdomar, får same undervisning og i same klasserom som resten av klassen, slik at alle kan ha ei kjensla av å vera likeverdige og inkluderte i same undervisningopplegg. Dersom ein tek ut elevar med funksjonshemming og kroniske sjukdomar, får ein ikkje same læringsgrunnlag eller kjensla av å vera med i same klasseundervisning. 

Kystpartiet meinar at også elevar med funksjonshemming og kroniske sjukdom skal vera mest mogleg inkluderte i vanleg undervisning på lik linje med dei andre elevane. 

I tillegg meinar Kystpartiet at det å ha ein funksjonshemming og kroniske sjukdom, er tungt nok i seg sjølv og då bør skulen og kommunen lytta til foreldre og elevar, slik at dei får delta mest mogleg i vanleg klasserom og få ei og kjensla av å vera inkludert på lik linje med dei andre elvene.

Kystpartiet også programfesta i partiprogrammet fylgjande som gjeld menneskjer med nedsatt funksjonsevne, kap 2.4. fylgjande:

Det må sikrast ordningar der menneskjer med nedsatt funksjonsevna i størst mogleg grad kan likestillast med den øvrige befolkninga. Samt at det må satsast på bruk av brukarstyrt personlig assistanse (BPA).

Kystpartiet ynskjer å fylgja opp at kommunene får nok pengar til å oppfylla krava som diskriminerings og tilgjengelegheitslova pålegg kommunane. 

Kystpartiet ser på økt mobilitet for menneskjer med nedsatt funksjonsevna som ein sjølvsagt rett som inneber ei styrkjing av kommunen sin økonomi.

 Se Kystpartiet sitt stortingsprogram for 2017-2021